Vedtekter Hadlabrekko burettslaget
Org. nr 948 951 274, knytt til Stord Boligbyggelag A/L,
vedtekne på konstituerande generalforsamling den 11.05.2004
1. Innleiing
1-1 Formål
Hadlabrekko burettslag er eit samvirkeføretak som har til føremål å gje luteigarane bruksrett til eigen bustad
i laget sin eigedom (burett) og å driva verksemd som står i samanheng med denne.
1-2 Forretningskontor, forretningsførsel og tilknytingstilhøve
(1) Burettslaget ligg i og har forretningskontor i Stord kommune
(2) Burettslaget er knytt til Stord Boligbyggelag A/L som er forretningsførar.
2. Luter og luteigarar
2-1 Luter og luteigarar
(1) Lutene skal vera på kr. 100.-
(2) Berre luteigarar i bustadbyggelaget og berre fysiske personar (enkeltpersonar) kan vera luteigarar i
burettslaget. Ingen fysiske personar kan eige meir enn ein lut.
(3) Uansett kan staten, ein fylkeskommune eller ein kommune til saman eige inntil ti prosent av lutene i
burettslaget i samsvar med burettslagslova §4-2 (1). Det same gjeld selskap som har til føremon å skaffe
bustader og som blir leia og kontrollert av stat, fylkeskommune eller kommune, stifting eller andre som
har inngått samarbeidsavtale med stat, fylkeskommune eller kommune om å skaffe bustader til
vanskelegstilte.
(4) I tillegg har ………..rett til å eiga inntil ……… av lutane.
(5) Luteigarane skal f utlevert eit eksemplar av burettslaget sine vedtekter.
2-2 Sameige i lut
(1) Berre personar som bur eller skal bu i bustaden kan bli sameigar i lut.
(2) Dersom fleire eig ein lut saman, skal det reknast som bruksoverføring dersom ein eller fleire av
sameigarane ikkje bur i bustaden, jf vedtektene punkt 4-2.
2-3 Overføring av lut og godkjenning av ny luteigar
(1) Ein luteigar har rett til å overdra sin lut, men kjøparen må godkjennast av burettslaget for at kjøpet skal
bli gyldig overfor burettslaget.
Burettslaget kan nekte godkjenning når det er sakleg grunn til det og skal nekte godkjenning dersom
kjøpet vil vere i strid med punkt 2 i vedtektene.
(2) Nektar burettslaget å godkjenne kjøparen som luteigar, må melding om dette komme fram til kjøparen
seinast 20 dagar etter at søknaden om godkjenning kom fram til burettslaget. I motsett fall skal
godkjenning reknast som gitt.
(3) Kjøparen har ikkje rett til å bruke bustaden før godkjenning er gitt eller det er rettskraftig avgjort at
kjøparen har rett til å kjøpe luten.
(4) Den førre luteigaren er solidarisk ansvarleg med ein eller fleire nye kjøparar for betaling av
felleskostnader til ny luteigar er godkjent, eller det er rettskraftig avgjort at ein ny luteigar har rett til å
kjøpe luten.
3. Forkjøpsrett
3-1 Hovudregel for forkjøpsrett
(1) Dersom ein lut skifter eigar, har luteigarane i burettslaget og dernest dei andre luteigarane i
bustadbyggelaget forkjøpsrett.
(2) Forkjøpsretten kan ikkje gjerast gjeldande når luten vert overdregen til ektefelle, til luteigaren eller
ektefellen sin slektning i rett opp- eller nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står i same stilling
som livsarving, til søsken eller nokon annan som i dei to siste åra har høyrd til same husstand som den
tidlegare eigaren. Forkjøpsretten kan heller ikkje gjerast gjeldande når luten vert overført på skifte etter
separasjon eller skilsmisse, eller når eit medlem av husstanden overtek luten etter reglane i
husstandsfellesskapslova § 3.
(3) Styret i burettslaget skal syte for at dei som er nemnt i første ledd får høve til å gjera forkjøpsretten
gjeldande og på deira vegne gjera retten gjeldande innan fristen nemnt i vedtektene punkt 3-2
3-2 Fristar for å gjere forkjøpsretten gjeldande
Fristen for å gjera forkjøpsretten gjeldande er 20 dagar frå burettslaget mottok melding om at luten har skifta
eigar, med opplysning om pris og andre vilkår. Fristen er fem kvardagar dersom burettslaget har motteke
skriftleg førehandsvarsel om at luten kan skifte eigar, og varselet har kome fram til laget minst femten
dagar, men ikkje meir enn tre månader, før meldinga om at luten har skifta eigar.
3-3 Nærare om forkjøpsretten
(1) Ansiennitet i burettslaget reknast frå dato for overtaking av luten. Står fleire luteigarar i burettslaget
med lik ansiennitet, går den med lengst ansiennitet i bustadbyggelaget framfor.
(2) Dersom ingen luteigarar i burettslaget melder seg peiker bustadbyggelaget ut kva for luteigar i
bustadbyggelaget som skal fa overta luten.
(3) Luteigar som vil overta ny lut, må overdra sin lut i laget til ein ny luteigar. Dette gjeld sjølv om luten er
eigd av fleire.
(4) Forkjøpsretten skal kunngjerast i ei avis som er vanleg lest på plassen, på bustadbyggelaget sine
nettsider eller på annan eigna måte.
4. Burett, bruksrett og bruksoverføring
4-1 Burett og bruksrett
(1) Kvar lut gjer einerett til å bruke ein bustad i burettslaget og rett til å nytte fellesareal til det det er
berekna eller vanleg brukt til, og til anna som er i samsvar med tida og tilhøva.
(2) Luteigaren skal ikkje bruke bustaden til anna enn bustadformål utan samtykke frå styret.
(3) Luteigaren skal handsame bustaden med tilbørleg aktsemd. Bruken av bustaden og uteområdet skal
ikkje på ein urimeleg eller unødvendig måte vere til skade eller ulempe for andre luteigarar.
(4) Ein luteigar kan med godkjenning frå styret gjennomføre tiltak på eigedomen som er naudsynte på
grunn av funksjonshemming hos ein brukar av bustaden. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg
grunn.
(5) Styret kan fastsetje vanlege ordensreglar for eigedommen. Sjølv om det er vedteke forbod mot
dyrehald, kan styret gi samtykke i at brukaren av bustaden held dyr dersom det er gode grunnar som
talar for det, og dyrehaldet ikkje er til ulempe for dei andre brukarane av eigedommen.
4-2 Bruksoverføring
(1) Luteigaren kan ikkje utan samtykke frå styret overlate bruken av bustaden til andre.
(2) Med godkjenning frå styret kan luteigarane overlate bruken av heile bustaden dersom
nektast dersom brukaren ikkje kunne blitt luteigar. Har laget ikkje sendt svar på skriftleg søknad om
godkjenning av brukar innan ein månad etter at søknaden har kome fram til laget, skal brukaren reknast
som godkjend.
(3) Luteigar som sjølv bur i bustaden, kan overlate bruken av deler av den til andre utan godkjenning.
(4) Overlating av bruken reduserer ikkje luteigaren sine plikter overfor burettslaget.
5. Vedlikehald
5-1 Luteigaren si vedlikehaldsplikt
(1) Kvar enkelt luteigar skal halda bustaden, og andre rom og anna areal som høyrer bustaden til, i
forsvarleg stand og vedlikehalde slikt som vindauge, røyr, sikringsskap frå og med første
hovudsikring/inntakssikring, leidningar med utstyr som høyrer til, varmekablar, inventar, utstyr
inklusiv vannklosett, varmtvasstank og vaskar, apparat og innvendige flater. Våtrom må brukast og
haldast vedlike slik at ein unngår lekkasjar.
(2) Vedlikehaldet omfattar òg nødvendige reparasjonar og utskifting av slikt som røyr, sikringsskap frå og
med første hovudsikring/inntakssikring, leidningar med utstyr som høyrer til, varmekablar, inventar,
utstyr inklusiv slikt som vannklosett, varmtvasstank og vaskar, apparat, tapet, golvbelegg, vegg-, golvog
takplater, delevegger, listverk, skap, benker og innvendige dører med karmar.
(3) Luteigaren har òg ansvar for oppstaking og reinsing av innvendig kloakkleidning både til og frå eigen
vannlås/sluk og fram til burettslaget sin felles-/hovedleidning. Luteigar skal og reinse eventuelle sluk
på verandaer, balkongar og liknande.
(4) Luteigaren skal halda bustaden fri for insekt og skadedyr.
(5) Vedlikehaldsplikta omfattar òg utbetring av tilfeldig skade, så som skade påført ved innbrot og uver.
(6) Dersom luteigaren oppdagar skade i bustaden som burettslaget er ansvarleg for å utbetre, plikter
luteigaren straks å melde frå til burettslaget.
(7) Burettslaget og andre luteigarar kan krevja erstatning for tap som følgjer av at luteigaren ikkje oppfyller
pliktene sine, jf burettslagslova §§ 5-13 og 5-15.
6. Pålegg om sal og fråviking
6-1 Misleghald
Luteigar sine brot på forpliktingane overfor burettslaget utgjer misleghald. Som misleghald reknast mellom
anna manglande betaling av felleskostnader, forsømt vedlikehaldsplikt, ulovleg bruk eller overlating av bruk
og brot på husordensreglar.
6-2 Pålegg om sal
Dersom ein luteigar trass åtvaring vesentleg mislegheld pliktene sine, kan burettslaget påleggje vedkomande
å selje luten, jf burettslagslova § 5-22 første ledd. Åtvaring skal gjevast skriftleg og opplyse om at vesentleg
misleghald gir laget rett til å krevje luten seld.
6-3 Fråviking
Medfører luteigaren eller brukaren sin oppførsel fare for øydelegging eller vesentleg forringing av
eigedomen, eller er brukaren sin oppførsel til alvorleg plage eller sjenanse for eigedomen sine andre
luteigarar eller brukarar, kan styret krevje fråviking frå bustaden etter tvangsfullbyrdingslova kapittel 13.
7. Felleskostnader og pantesikring
7-1 Felleskostnader
(1) Felleskostnader betalast kvar månad. Burettslaget kan endre felleskostnadene med ein månads skriftleg
varsel.
(2) For felleskostnader som ikkje vert betalte ved forfall, svarer luteigaren den til ein kvar tid gjeldande
forseinkingsrente etter lov av 17. desember 1976 nr 100.
7-2 Burettslaget si pantesikring
(1) For krav på dekning av felleskostnader og andre krav frå laget sitt forhold har laget panterett i luten føre
alle andre heftingar. Pantekravet er avgrensa til ein sum som svarer til to gonger folketrygda sitt
grunnbeløp på tidspunktet da tvangsdekning vert vedteke gjennomført.
8. Styret
8-1 Styret
(1) Burettslaget skal ha eit styre som skal bestå av ein styreleiar og 2 andre medlemer og med like mange
varamedlemer.
(2) Funksjonstida for styreleiar og dei andre medlemene er to år. Varamedlemer vert valde for eit år.
Styremedlem og varamedlem kan attveljast
(3) Styret skal veljast av generalforsamlinga. Generalforsamlinga vel styreleiar ved særskilt val. Styret vel
nestleiar mellom sine medlemer.
8-2 Styret sine oppgåver
(1) Styret skal leie verksemda i samsvar med lov, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtak. Styret kan
ta alle avgjersler som ikkje i loven eller vedtektene er lagt til andre organ.
(2) Styreleiar skal syte for at styret held møte så ofte som det trengst. Eit styremedlem eller
forretningsføraren kan krevje at styret vert kalla saman.
(3) Styret skal føre protokoll over styresakene. Protokollen skal skrivast under av dei frammøtte
styremedlemene.
8-3 Styret sine vedtak
(1) Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av alle styremedlemmene er til stades. Vedtak kan treffast
med meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Står stemmene likt, gjer møteleiaren si stemme
utslaget. Dei som stemmer for eit vedtak som inneber ei endring, må likevel vera minst ein tredel av alle
styremedlemmene.
(2) Styret kan ikkje utan at generalforsamlinga har gitt samtykke med minst to tredjedels fleirtal, fatte
vedtak om
To styremedlemer i fellesskap representerer laget ut mot omverda.
9. Generalforsamlinga
9-1 Myndigheit
Den øvste myndigheit i burettslaget vert utøvd av generalforsamlinga.
9-2 Tidspunkt for generalforsamling
(1) Ordinær generalforsamling skal haldast kvart år innan utgangen av juni.
(2) Ekstraordinær generalforsamling vert halden når styret fmn det naudsynt, eller når revisor eller minst to
luteigarar som til saman har minst ein tidel av stemmene, krev det og samtidig oppgjev kva saker dei
ønskjer handsama.
9-3 Varsel om og innkalling til generalforsamling
(1) Forut for ordinær generalforsamling skal styret varsle luteigarane om dato for møtet og om frist for
innlevering av saker som ein ønskjer handsama.
(2) Generalforsamlinga skal kallast inn skriftleg av styret med eit varsel som skal vere på minst åtte og
høgst tjue dagar. Ekstraordinær generalforsamling kan om naudsynt kallast inn med kortare varsel som
likevel skal vere på minst tre dagar. I begge høve skal det gjevast skriftleg melding til
bustadbyggelaget.
(3) I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast vere bestemt nemnd. Skal eit forslag som etter
burettslagslova eller vedtektene må verta vedtekne med minst to tredjedels fleirtal kunne handsamast,
må hovudinnhaldet vere nemnd i innkallinga. Saker som ein luteigar ønskjer handsama på ordinær
generalforsamling skal nemnast i innkallinga når styret har motteke krav om det etter punkt 9-3 (1) i
vedtektene.
9-4 Saker som skal handsamast på ordinær generalforsamling
Generalforsamlinga skal leiast av styreleiaren med mindre generalforsamlinga vel ein annan møteleiar.
Møteleiaren skal syte for at det vert ført protokoll frå generalforsamlinga.
9-6 Stemmerett og fullmakt
Kvar luteigar har ei stemme på generalforsamlinga. Kvar luteigar kan møte ved fullmektig på
generalforsamlinga, men ingen kan vere fullmektig for meir enn ein luteigar. For ein lut med fleire eigarar
kan det bare gjevast ei stemme.
9-7 Vedtak på generalforsamlinga
(1) Forutan saker som nemnd i punkt 9-4 i vedtektene kan ikkje generalforsamlinga fatte vedtak i andre
saker enn dei som er klårt nemnde i innkallinga.
(2) Med dei unntak som følgjer av burettslagslova eller desse vedtektene vert alle avgjersler vedtekne av
generalforsamlinga med meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Ved val kan
generalforsamlinga på førehand fastsette at den som får flest stemmer skal reknast som vald.
(3) Stemmelikskap skal avgjerast ved loddtrekning.
10. Inhabilitet, teieplikt og mindretalsvern
10-1 Inhabilitet
(1) Eit styremedlem må ikkje delta i styrehandsaming eller avgjersle av noko spørsmål der medlemmen
sjølv eller nærståande har ei personleg eller økonomisk særinteresse.
(2) Ingen kan sjølv eller ved fullmektig eller som fullmektig delta i ei avstemming på generalforsamlinga
om avtale med seg sjølv eller nærståande eller om ansvar for seg sjølv eller nærståande i forhold til
laget. Det same gjeld avstemming om pålegg om sal eller krav om fråviking efter burettslagslova
§§ 5-22 og 5-23.
10-2 Teieplikt
Tillitsvalde, forretningsførar og tilsette i eit burettslag har plikt til å teie overfor uvedkomande om det dei i
samband med verksemda i laget får vite om nokon sine personlege forhold. Dette gjeld ikkje dersom inga
rettmessig interesse tilseier at ein må teia.
10-3 Mindretalsvern
Generalforsamlinga, styret eller forretningsførar kan ikkje treffe vedtak som er eigna til å gi visse luteigarar
eller andre ei urimeleg føremon til skade for andre luteigarar eller laget.
11. Vedtektsendringar og forholdet til burettslovene
11-1 Vedtektsendringar
(1) Endringar i burettslaget sine vedtekter kan berre gjerast av generalforsamlinga med minst to tredjedelar
av dei avgjevne stemmene.
(2) Følgjande endringar av vedtektene kan ikkje skje utan samtykke frå bustadbyggelaget, jf burettslagslova
§ 7-12:
For så vidt ikkje anna følgjer av vedtektene gjeld reglane i lov om burettslag av 06.06.2003 nr 39. jf lov om
bustadbyggjelag av same dato.

- luteigaren sjølv eller luteigaren sin ektefelle eller slektning i rett opp- eller nedstigande linje eller fosterbarn av luteigaren eller ektefellen, har budd i bustaden i minst eit av dei to siste åra. Luteigaren kan i slike høver overlate bruken av heile bustaden for opp til tre år
- luteigaren er ein juridisk person
- luteigaren skal vere mellombels borte som følgle av arbeid, utdanning, militærteneste, sjukdom eller andre særskilde grunnar
- eit medlem av brukarhusstanden er luteigaren sin ektefelle eller slektning i rett opp- ellernedstigande linje eller fosterbarn av luteigaren eller ektefellen
- det gjeld bruksrett til nokon som har krav på det etter ekteskapsloven § 68 ellerhusstandsfellesskapslova § 3 andre ledd.
nektast dersom brukaren ikkje kunne blitt luteigar. Har laget ikkje sendt svar på skriftleg søknad om
godkjenning av brukar innan ein månad etter at søknaden har kome fram til laget, skal brukaren reknast
som godkjend.
(3) Luteigar som sjølv bur i bustaden, kan overlate bruken av deler av den til andre utan godkjenning.
(4) Overlating av bruken reduserer ikkje luteigaren sine plikter overfor burettslaget.
5. Vedlikehald
5-1 Luteigaren si vedlikehaldsplikt
(1) Kvar enkelt luteigar skal halda bustaden, og andre rom og anna areal som høyrer bustaden til, i
forsvarleg stand og vedlikehalde slikt som vindauge, røyr, sikringsskap frå og med første
hovudsikring/inntakssikring, leidningar med utstyr som høyrer til, varmekablar, inventar, utstyr
inklusiv vannklosett, varmtvasstank og vaskar, apparat og innvendige flater. Våtrom må brukast og
haldast vedlike slik at ein unngår lekkasjar.
(2) Vedlikehaldet omfattar òg nødvendige reparasjonar og utskifting av slikt som røyr, sikringsskap frå og
med første hovudsikring/inntakssikring, leidningar med utstyr som høyrer til, varmekablar, inventar,
utstyr inklusiv slikt som vannklosett, varmtvasstank og vaskar, apparat, tapet, golvbelegg, vegg-, golvog
takplater, delevegger, listverk, skap, benker og innvendige dører med karmar.
(3) Luteigaren har òg ansvar for oppstaking og reinsing av innvendig kloakkleidning både til og frå eigen
vannlås/sluk og fram til burettslaget sin felles-/hovedleidning. Luteigar skal og reinse eventuelle sluk
på verandaer, balkongar og liknande.
(4) Luteigaren skal halda bustaden fri for insekt og skadedyr.
(5) Vedlikehaldsplikta omfattar òg utbetring av tilfeldig skade, så som skade påført ved innbrot og uver.
(6) Dersom luteigaren oppdagar skade i bustaden som burettslaget er ansvarleg for å utbetre, plikter
luteigaren straks å melde frå til burettslaget.
(7) Burettslaget og andre luteigarar kan krevja erstatning for tap som følgjer av at luteigaren ikkje oppfyller
pliktene sine, jf burettslagslova §§ 5-13 og 5-15.
6. Pålegg om sal og fråviking
6-1 Misleghald
Luteigar sine brot på forpliktingane overfor burettslaget utgjer misleghald. Som misleghald reknast mellom
anna manglande betaling av felleskostnader, forsømt vedlikehaldsplikt, ulovleg bruk eller overlating av bruk
og brot på husordensreglar.
6-2 Pålegg om sal
Dersom ein luteigar trass åtvaring vesentleg mislegheld pliktene sine, kan burettslaget påleggje vedkomande
å selje luten, jf burettslagslova § 5-22 første ledd. Åtvaring skal gjevast skriftleg og opplyse om at vesentleg
misleghald gir laget rett til å krevje luten seld.
6-3 Fråviking
Medfører luteigaren eller brukaren sin oppførsel fare for øydelegging eller vesentleg forringing av
eigedomen, eller er brukaren sin oppførsel til alvorleg plage eller sjenanse for eigedomen sine andre
luteigarar eller brukarar, kan styret krevje fråviking frå bustaden etter tvangsfullbyrdingslova kapittel 13.
7. Felleskostnader og pantesikring
7-1 Felleskostnader
(1) Felleskostnader betalast kvar månad. Burettslaget kan endre felleskostnadene med ein månads skriftleg
varsel.
(2) For felleskostnader som ikkje vert betalte ved forfall, svarer luteigaren den til ein kvar tid gjeldande
forseinkingsrente etter lov av 17. desember 1976 nr 100.
7-2 Burettslaget si pantesikring
(1) For krav på dekning av felleskostnader og andre krav frå laget sitt forhold har laget panterett i luten føre
alle andre heftingar. Pantekravet er avgrensa til ein sum som svarer til to gonger folketrygda sitt
grunnbeløp på tidspunktet da tvangsdekning vert vedteke gjennomført.
8. Styret
8-1 Styret
(1) Burettslaget skal ha eit styre som skal bestå av ein styreleiar og 2 andre medlemer og med like mange
varamedlemer.
(2) Funksjonstida for styreleiar og dei andre medlemene er to år. Varamedlemer vert valde for eit år.
Styremedlem og varamedlem kan attveljast
(3) Styret skal veljast av generalforsamlinga. Generalforsamlinga vel styreleiar ved særskilt val. Styret vel
nestleiar mellom sine medlemer.
8-2 Styret sine oppgåver
(1) Styret skal leie verksemda i samsvar med lov, vedtekter og generalforsamlinga sine vedtak. Styret kan
ta alle avgjersler som ikkje i loven eller vedtektene er lagt til andre organ.
(2) Styreleiar skal syte for at styret held møte så ofte som det trengst. Eit styremedlem eller
forretningsføraren kan krevje at styret vert kalla saman.
(3) Styret skal føre protokoll over styresakene. Protokollen skal skrivast under av dei frammøtte
styremedlemene.
8-3 Styret sine vedtak
(1) Styret er vedtaksført når meir enn halvparten av alle styremedlemmene er til stades. Vedtak kan treffast
med meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Står stemmene likt, gjer møteleiaren si stemme
utslaget. Dei som stemmer for eit vedtak som inneber ei endring, må likevel vera minst ein tredel av alle
styremedlemmene.
(2) Styret kan ikkje utan at generalforsamlinga har gitt samtykke med minst to tredjedels fleirtal, fatte
vedtak om
- ombygging, påbygging eller andre endringar av bygningane eller tomta som etter forholda i laget går ut over vanleg forvaltning og vedlikehald
- å auke talet på luter, jf burettslagslova § 3-2 andre ledd
- sal eller kjøp av fast eigedom
- å ta opp lån som skal sikrast med pant med prioritet føre innskota
- andre rettslege disposisjonar over fast eigedom som går ut over vanleg forvalting
- andre tiltak som går ut over vanleg forvalting, når tiltaket fører med seg økonomisk ansvar eller utlegg for laget på meir enn fem prosent av dei årlege felleskostnadene
To styremedlemer i fellesskap representerer laget ut mot omverda.
9. Generalforsamlinga
9-1 Myndigheit
Den øvste myndigheit i burettslaget vert utøvd av generalforsamlinga.
9-2 Tidspunkt for generalforsamling
(1) Ordinær generalforsamling skal haldast kvart år innan utgangen av juni.
(2) Ekstraordinær generalforsamling vert halden når styret fmn det naudsynt, eller når revisor eller minst to
luteigarar som til saman har minst ein tidel av stemmene, krev det og samtidig oppgjev kva saker dei
ønskjer handsama.
9-3 Varsel om og innkalling til generalforsamling
(1) Forut for ordinær generalforsamling skal styret varsle luteigarane om dato for møtet og om frist for
innlevering av saker som ein ønskjer handsama.
(2) Generalforsamlinga skal kallast inn skriftleg av styret med eit varsel som skal vere på minst åtte og
høgst tjue dagar. Ekstraordinær generalforsamling kan om naudsynt kallast inn med kortare varsel som
likevel skal vere på minst tre dagar. I begge høve skal det gjevast skriftleg melding til
bustadbyggelaget.
(3) I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast vere bestemt nemnd. Skal eit forslag som etter
burettslagslova eller vedtektene må verta vedtekne med minst to tredjedels fleirtal kunne handsamast,
må hovudinnhaldet vere nemnd i innkallinga. Saker som ein luteigar ønskjer handsama på ordinær
generalforsamling skal nemnast i innkallinga når styret har motteke krav om det etter punkt 9-3 (1) i
vedtektene.
9-4 Saker som skal handsamast på ordinær generalforsamling
- Godkjenning av årsmelding frå styret
- Godkjenning av årsrekneskap
- Val av styremedlemer og varamedlemer
- Eventuelt val av revisor
- Fastsetjing av godtgjersle for styret
- Andre saker som er nemnde i innkallinga
Generalforsamlinga skal leiast av styreleiaren med mindre generalforsamlinga vel ein annan møteleiar.
Møteleiaren skal syte for at det vert ført protokoll frå generalforsamlinga.
9-6 Stemmerett og fullmakt
Kvar luteigar har ei stemme på generalforsamlinga. Kvar luteigar kan møte ved fullmektig på
generalforsamlinga, men ingen kan vere fullmektig for meir enn ein luteigar. For ein lut med fleire eigarar
kan det bare gjevast ei stemme.
9-7 Vedtak på generalforsamlinga
(1) Forutan saker som nemnd i punkt 9-4 i vedtektene kan ikkje generalforsamlinga fatte vedtak i andre
saker enn dei som er klårt nemnde i innkallinga.
(2) Med dei unntak som følgjer av burettslagslova eller desse vedtektene vert alle avgjersler vedtekne av
generalforsamlinga med meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Ved val kan
generalforsamlinga på førehand fastsette at den som får flest stemmer skal reknast som vald.
(3) Stemmelikskap skal avgjerast ved loddtrekning.
10. Inhabilitet, teieplikt og mindretalsvern
10-1 Inhabilitet
(1) Eit styremedlem må ikkje delta i styrehandsaming eller avgjersle av noko spørsmål der medlemmen
sjølv eller nærståande har ei personleg eller økonomisk særinteresse.
(2) Ingen kan sjølv eller ved fullmektig eller som fullmektig delta i ei avstemming på generalforsamlinga
om avtale med seg sjølv eller nærståande eller om ansvar for seg sjølv eller nærståande i forhold til
laget. Det same gjeld avstemming om pålegg om sal eller krav om fråviking efter burettslagslova
§§ 5-22 og 5-23.
10-2 Teieplikt
Tillitsvalde, forretningsførar og tilsette i eit burettslag har plikt til å teie overfor uvedkomande om det dei i
samband med verksemda i laget får vite om nokon sine personlege forhold. Dette gjeld ikkje dersom inga
rettmessig interesse tilseier at ein må teia.
10-3 Mindretalsvern
Generalforsamlinga, styret eller forretningsførar kan ikkje treffe vedtak som er eigna til å gi visse luteigarar
eller andre ei urimeleg føremon til skade for andre luteigarar eller laget.
11. Vedtektsendringar og forholdet til burettslovene
11-1 Vedtektsendringar
(1) Endringar i burettslaget sine vedtekter kan berre gjerast av generalforsamlinga med minst to tredjedelar
av dei avgjevne stemmene.
(2) Følgjande endringar av vedtektene kan ikkje skje utan samtykke frå bustadbyggelaget, jf burettslagslova
§ 7-12:
- vilkår for å vere luteigar i burettslaget
- avgjersle om forkjøpsrett til lut i burettslaget
- denne regelen om godkjenning av vedtektsendringar