Om Hadlabrekko Burettslag
Hadlabrekko burettslag består av 44 frittliggande hus. Husa blei bygd i 1985 og er teikna av arkitektkontoret Holmedal og Husum på Stord.
Området er roleg. Det ligg nær nydeleg naturområde/ turterreng, skular, daglegvarebutikk, idrettsanlegg og i gangavstand til Leirvik sentrum.
Andelseigarane i Hadlabrekko burettslag er i alle aldrar. Her bur barnefamiliar, einslege og pensjonistar. Dette gir eit levande og godt bumiljø. I tillegg har det vore lite gjennomtrekk i bustadene.
Me har to leikeplassar i nærområdet der borna kan treffast på fritida. Her har me og utgangspunkt for den årlege dugnaden.
Kvar vår har me dugnad der dei fleste andelseigarane bidrar til eit felles løft slik at me kan få det triveleg, trygt og fint rundt oss. Dugnad er ein god arena til å bli kjent med naboane våre. Me har og tid til ein kopp kaffi, litt mat og triveleg prat.